lørdag 21. november 2009

Bruk av lyd- Audacity


Eg har aldri tenkt på at ein kan bruke lyd som ein del av undervisinga, men dei to leksjonane i Lyd opna augene mine for nye moglegheiter.
Vi vart presenterte for eit program som heiter Audacity . For meg var dette eit heilt nytt program. Det er eit ganske avansert program med mange ulike funksjonar. Men for dei mest grunnleggande operasjonane var det så enkelt at "selv far kan klare det". Sidan dette programmet er gratis og enkelt å laste ned, er det difor midt i blinken for bruk i skulane.

Spørsmålet er då: kor nyttig er det å bruke i lyd i undervisningssamanheng?
Sjølv er eg usikker. Eg trur at i mange samanhengar vil det føre til meir klabb og babb enn reelt utbytte. Tida som går med til å komme seg til rette på maskinene, komme i gang med programmet og små utfordringar her med det tekniske, kan ofte ta meir tid og energi enn ønskjeleg. Om ein er aleine med klassa bør ein difor spørje seg sjølv om læringsutbytte står i samsvar med tidsbruken.
Det er difor viktig å gje elevane ei skikkelig innføring i bruken av programmet før ein startar å bruke det effektivt. Ein time der alle får teste og eksperimentere, spørje spørsmål og styre på.

I mange fag trur eg at eit sånt program vil brukast mest på "moro". For å gjere noko utan om det vanlege, noko elevane tykkjer er artig. Medan i andre fag trur eg dette programmet kan vere veldig nyttig. I mi M3-oppgåve satte eg fokus på engelsk. Eg trur dette er eit fag der ein kan bruke Audacity på ein god og hensiktsmessig måte. Ved å bruke eit lydprogram kan alle elevane få høyre seg sjølv og si eiga uttale. Ved å prate "til seg sjølv" vil ein også etter kvart få meir tryggleik til å prate høgt i klasserommet.
Også i norskfaget ser eg mange moglegheiter med bruk av lyd. For å auge lesedugleiken, få flyt i lesinga, øve seg på ulike måtar å gjere høgtlesing spanande osv.
Også i musikk ser eg på Audacity som eit godt verkty å bruke i undervisninga.

Dette vil ikkje seie at eg meiner det ikkje fins moglegheiter for bruk av Audacity i andre fag. Men ein må tenkje over om bruken kan forsvarast i henhold til konkrete kompetansemål, eller om ein gjer det for "moro skuld".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar