onsdag 28. oktober 2009

Fiksing og triksing med bilete















Her vandrar min betre halvdel rundt på Copacabana.
Det vert mykje strand, og eit ganske uinteressant bilete.
















Prøvde å klippe biletet i forhold til tredjedelsregelen. Veit ikkje om eg fikk det heilt til, men eg likte i alle fall biletet mykje betre no! Meir fokus på motivet. Synast likevel at stranda faktisk kom enda betre fram no, til trass for at det er gubben i front en legg merke til først.





















Eit fint kjærestebilete, med litt blasse fargar. Triksa litt med klipping og anna snacks i Picasa:


torsdag 15. oktober 2009

Læringsressursar på internett

Det vert sagt at for 30 år sidan var det enkelt å vere lærar. Ein møtte opp på skulen, slo opp på side 37 i samfunnsfagboka og satte i gang med undervisninga. Først gjennomgang av teksten, så jobba elevane med spørsmål og oppgåver på slutten av kapittelet.
Dette kan ein sjølvsagt gjere idag òg, men det vert nok forventa at undervisninga inneheld litt anna òg. Den gode læraren gjer meir enn å følgje pensumboka til klassa si. Han går andre og nye vegar for å finne arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar, spennande stoff og nye vinklingar.
I den samanheng er internett blitt ei uvurdereleg kjelde. Det fins nesten ikkje grenser for kva ein kan finne der.

Det er også ei kjent sak at elevane sin motivasjon og arbeidslyst aukar når dei får gjere noko nytt eller noko meir lystbetont. Eg brukte internett sjølv i ein samfunnsfagstime nettopp. 5. klasse skulle ha om Istida. Først synte eg dei ein liten snutt frå den kjende filmen Istid for å fange merksemda deira. Dette satte i gang ei god samtale, der eg fann ut kva dei kunne frå før om istida.
I neste time brukte eg ein film frå NRK sine skulesider (www.nrk.no/skole). Der finn ein mange gode filmar som høver i undervisningssamanheng. Eg brukte denne med stort hell.

Det fins uttalige slike ressurssider på nettet, for alle fag og årssteg. Det er sjølvsagt viktig å sjå alt sjølv først. I tillegg må ein vere sikre på om ein kan forsvare bruken av det. Når eg eit kompetansemål med å bruke dette opplegget eller gjer eg det berre for å ha ein "artig" time?

Mange elevar tykkjer det er kjekt å halde på med data. Det kan difor vere ein god idè å bruke IKT i fag som ofte ikkje er så populære. Prosjekt i samfunnsfag kan plutseleg verte interessant, om dei får lage ein presentasjon. Å lese om det gamle Egypt er ikkje å artig, men å lage ein samansett tekst med Powerpoint vert mykje artigare. I den klassa eg var i fekk alle lage kvar sin presentasjon med bilete, tekst og bakgrunnsmusikk. Etterpå fekk dei som vill vise det fram for resten av klassa. Det kan vere utfordrande å halde fokus på det gamle Egypt framfor det meir datatekniske under eit slikt arbeid, men eg trur at til sjuande og sist sit elevane igjen med meir enn om dei berre skulle ha svart på spørsmål frå boka.


Det fins også mange gode sider lærarane kan finne fram for at elevane skal få bruke dei aktivt. Eg har erfaring med sider ein har brukt i engelskfaget og matematikk. Eg var i praksis då eg såg desse to sidene. Dette var stort sett arbeid elevane fekk styre med etter at dei var ferdige med det som skulle gjerast på planen. Det var òg mange som brukte desse programma heime. Det er ingen tvil om at dette var svært lystbetont arbeid for elevane. I tillegg er det flott at sidene opererar med ulike vanskegrader, så alle elevane kan få både utfordringar og ei kjensle av å meistre. Eit godt tilpassa opplæringsopplegg som alle lærarar burde nytte seg av.