onsdag 23. september 2009

Dataansvarleg på skulen

Kva kompetanse bør den dataansvarlege på skulen ha?

Det er viktig at det finnast personar med kompetanse innan IKT på alle skular. Det ideelle er om det er meir enn ein person som kan litt meir enn mannen på gata.
Eit vanleg problem i skulen er at mange lærarar har lite kompetanse i dette, og ved eit kvart lite hinder skuffar problemet over på den dataansvarlege på skulen. Dette fører til at dette vert ei stor oppgåve for ein person som gjerne berre har ein time i veka til rådigheit for denne typen arbeid.
Vil ein ha ein skule med god kompetanse innan data, så bør samtlege lærarar kursast. Utan dei riktige kunnskapane vil mange lærarar vegre seg mot å bruke IKT i undervisinga.

Den dataansvarlege bør uansett ha god kompetanse innan det tekniske for å kunne fikse maskiner og programvarer som ikkje fungerar. Ein skule med 30 datamaskiner vil omlag dagleg støyte på ulike problem. Det er viktig at dataansvarleg ved skulen har så høg kompetanse at han/ho kan fikse det meste sjølv utan å bruke for lang tid. Han/ho bør like å holde på med IKT, så det ikkje vert kun eit ork kvar gong ei programvare streikar.
Han/ho bør også kunne noko didaktikk innan dette, så han/ho har moglegheit til å auke elevane sin kompetanse. Målet er ikkje at elevane nødvendigvis skal få mykje kompetanse i data, men at dei skal bruke IKT til å auke kunnskapane sine i andre fag. Gjennom bruken av IKT vil også kompetansen innan dette feltet komme av seg sjølv.

fredag 18. september 2009

Gratis studie?

Problemstilling:
Vi vel å følgje gratis (eller nesten gratis) prinsippet i studiet. Skulle ein heller bruke meir profesjonelle verkty?

DKL 101 er eit studie som er lagt opp til å vere så billig som mogleg for studentane. Alle utgifter skal vere på eit minimum. Det fins sjølvsagt både positive og negative sider ved dette.

For det første er det bra for oss studentar at vi slepp å bruke store summar for vere i stand til å gjennomføre dette studiet. I tillegg opnar det meir for studentar som ikkje har mykje teknisk utstyr heime og som kanskje difor heller ikkje har store kunnskapar i dette emnet. Ein lærar på 50 år har sannsynlegvis ikkje same forutsetnadane som ein student på 20 år. Ved å gjere studiane så grunnleggande som mogleg vil difor alle ha moglegheit til å kunne fullføre.

Dei fleste som tek dette faget ser for seg ei framtid innan skuleverket. Ved å ikkje legge alt for mykje pengar i utstyret i studiet er ein på mange måtar betre rusta for skulekvardagen. Dei fleste skular har ikkje superfancy verkty. Er ein vande med det, kan det verte problematisk å skulle gå langt tilbake i tid i forhold til teknologi i undervisingsituasjonen.

Negativt: Hadde fått meir kunnskapar om ein brukte betre og meir moderne verkty?

Hei og hopp!

DKL er topp!!!