mandag 23. november 2009

Hensyn - ei vanskeleg sak

Bruken av internett i skulen har opna ei ny verd både for elevar og lærarar. Materiale er lett tilgjengeleg, undervisningsmetodane vert fleire og det er ubegrensa moglegheiter for kva ein kan finne på internettet.
Men bruken av internett fører også med seg ei rekkje lovar og reglar. Dette er ofte ikkje elevane klar over, så då er det opp til lærar å sørgje for at alt foregår etter lovverket.

Dette står det blant anna i Åndsverkslova:
"Særleg bilete har ofte vist seg å vere problematisk. Vi finn bilete på internett, kopierar dei og brukar dei i våre eigne oppgåver og prosjekt. Har vi lov til det?
Den som lager et fotografisk bilde, har enerett til å fremstille eksemplar av det, enten det skjer ved fotografering, trykk, tegning eller på annen måte, og gjøre det tilgjengelig for allmennheten.

Eneretten til et fotografisk bilde varer i fotografens levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår, men likevel minst 50 år fra utløpet av det år bildet ble laget. Har to eller flere eneretten sammen, løper vernetiden fra utløpet av dødsåret for den lengstlevende"

Dette vil seie at det er personen som tar biletet som har råderett over det og bestem om det skal publiserast. Men dette gjeld ikkje om andre personar er avbilda.

I Nasjonalt regelverk om personvern står det blant anna under "Vern mot personfotografering og retten til eget bilde":

"Et bilde er en personopplysning i den grad en enkeltperson kan identifiseres (direkte eller indirekte). Publisering/offentliggjøring av bilder vil derfor kunne reguleres av personopplysningsloven i den grad dette skjer ved hjelp av elektroniske hjelpemidler og ellers omfattes av lovens virkeområde. Et eksempel her er publisering av bilder på hjemmesider. I praksis har det imidlertid vist seg at personopplysningsloven i flere tilfeller ikke kommer til anvendelse i saker som gjelder publisering av bilder, da man har ansett publiseringen for å ha et opinionsdannende formål. Se mer om grensen mellom ytringsfrihet og personvern i saker som gjelder publisering av bilder på Internett i rapportens kapittel 13.

Åndsverkloven § 45c er en personvernbestemmelse som forbyr gjengivelse eller offentliggjøring av bilder tatt av en person, med mindre det foreligger samtykke fra avbildede. I motsetning til personopplysningsloven, verner åndsverksloven også bilder av døde personer.

Det er en forutsetning at personen på bildet kan identifiseres, direkte eller indirekte, men ikke et krav om at allmennheten skal være i stand til å foreta en identifikasjon (Jongers 2006, s. 30ff)."

Når det gjeld bilete av barn er det foreldra som bestemmer.
Sjølv om det vert læraren sitt ansvar å sørgje for at dette vert følgt opp, så er det viktig at elevane er klar over at det fins slike hensyn.

lørdag 21. november 2009

Bruk av lyd- Audacity


Eg har aldri tenkt på at ein kan bruke lyd som ein del av undervisinga, men dei to leksjonane i Lyd opna augene mine for nye moglegheiter.
Vi vart presenterte for eit program som heiter Audacity . For meg var dette eit heilt nytt program. Det er eit ganske avansert program med mange ulike funksjonar. Men for dei mest grunnleggande operasjonane var det så enkelt at "selv far kan klare det". Sidan dette programmet er gratis og enkelt å laste ned, er det difor midt i blinken for bruk i skulane.

Spørsmålet er då: kor nyttig er det å bruke i lyd i undervisningssamanheng?
Sjølv er eg usikker. Eg trur at i mange samanhengar vil det føre til meir klabb og babb enn reelt utbytte. Tida som går med til å komme seg til rette på maskinene, komme i gang med programmet og små utfordringar her med det tekniske, kan ofte ta meir tid og energi enn ønskjeleg. Om ein er aleine med klassa bør ein difor spørje seg sjølv om læringsutbytte står i samsvar med tidsbruken.
Det er difor viktig å gje elevane ei skikkelig innføring i bruken av programmet før ein startar å bruke det effektivt. Ein time der alle får teste og eksperimentere, spørje spørsmål og styre på.

I mange fag trur eg at eit sånt program vil brukast mest på "moro". For å gjere noko utan om det vanlege, noko elevane tykkjer er artig. Medan i andre fag trur eg dette programmet kan vere veldig nyttig. I mi M3-oppgåve satte eg fokus på engelsk. Eg trur dette er eit fag der ein kan bruke Audacity på ein god og hensiktsmessig måte. Ved å bruke eit lydprogram kan alle elevane få høyre seg sjølv og si eiga uttale. Ved å prate "til seg sjølv" vil ein også etter kvart få meir tryggleik til å prate høgt i klasserommet.
Også i norskfaget ser eg mange moglegheiter med bruk av lyd. For å auge lesedugleiken, få flyt i lesinga, øve seg på ulike måtar å gjere høgtlesing spanande osv.
Også i musikk ser eg på Audacity som eit godt verkty å bruke i undervisninga.

Dette vil ikkje seie at eg meiner det ikkje fins moglegheiter for bruk av Audacity i andre fag. Men ein må tenkje over om bruken kan forsvarast i henhold til konkrete kompetansemål, eller om ein gjer det for "moro skuld".

torsdag 5. november 2009

Bruk av rekneark i skulen

Rekneark er eit nyttig verkty, som eg tykkjer dei fleste burde sette seg inn i for å kunne meistre det på eit eller anna nivå.
Det er eit verkty som kan brukast i mange ulike fag på forskjellige måtar.
I Google Docs kan ein bruke rekneark, lagre det og finne det igjen uansett kva maskin ein er på. Det er difor heilt glimrande i undervisningssamanheng.

Matematikk er eit sjølvsagt fag ein kan bruke dette i. Om ein lærer seg nokre av dei mest grunnleggande formlane kan ein bruke det til utrekningar av alle slag.

Sjølv har eg brukt det i samfunnsfag i 4.klasse i praksis. Klassa var delt opp i grupper, og kvar av gruppene var ute og plukka søppel i nokre minutt på ulike stadar rundt skulen. Resultatet skulle dei presentere i ein statistikk.
Dette er eit døme på det.

Eg har også laga ei gloseprøve i engelsk. Dette har eg ikkje sett før leksjonen i Rekneark, så eg syntast det var litt artig. Skal definitivt ta med meg ideèn vidare.

onsdag 28. oktober 2009

Fiksing og triksing med bilete















Her vandrar min betre halvdel rundt på Copacabana.
Det vert mykje strand, og eit ganske uinteressant bilete.
















Prøvde å klippe biletet i forhold til tredjedelsregelen. Veit ikkje om eg fikk det heilt til, men eg likte i alle fall biletet mykje betre no! Meir fokus på motivet. Synast likevel at stranda faktisk kom enda betre fram no, til trass for at det er gubben i front en legg merke til først.





















Eit fint kjærestebilete, med litt blasse fargar. Triksa litt med klipping og anna snacks i Picasa:


torsdag 15. oktober 2009

Læringsressursar på internett

Det vert sagt at for 30 år sidan var det enkelt å vere lærar. Ein møtte opp på skulen, slo opp på side 37 i samfunnsfagboka og satte i gang med undervisninga. Først gjennomgang av teksten, så jobba elevane med spørsmål og oppgåver på slutten av kapittelet.
Dette kan ein sjølvsagt gjere idag òg, men det vert nok forventa at undervisninga inneheld litt anna òg. Den gode læraren gjer meir enn å følgje pensumboka til klassa si. Han går andre og nye vegar for å finne arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar, spennande stoff og nye vinklingar.
I den samanheng er internett blitt ei uvurdereleg kjelde. Det fins nesten ikkje grenser for kva ein kan finne der.

Det er også ei kjent sak at elevane sin motivasjon og arbeidslyst aukar når dei får gjere noko nytt eller noko meir lystbetont. Eg brukte internett sjølv i ein samfunnsfagstime nettopp. 5. klasse skulle ha om Istida. Først synte eg dei ein liten snutt frå den kjende filmen Istid for å fange merksemda deira. Dette satte i gang ei god samtale, der eg fann ut kva dei kunne frå før om istida.
I neste time brukte eg ein film frå NRK sine skulesider (www.nrk.no/skole). Der finn ein mange gode filmar som høver i undervisningssamanheng. Eg brukte denne med stort hell.

Det fins uttalige slike ressurssider på nettet, for alle fag og årssteg. Det er sjølvsagt viktig å sjå alt sjølv først. I tillegg må ein vere sikre på om ein kan forsvare bruken av det. Når eg eit kompetansemål med å bruke dette opplegget eller gjer eg det berre for å ha ein "artig" time?

Mange elevar tykkjer det er kjekt å halde på med data. Det kan difor vere ein god idè å bruke IKT i fag som ofte ikkje er så populære. Prosjekt i samfunnsfag kan plutseleg verte interessant, om dei får lage ein presentasjon. Å lese om det gamle Egypt er ikkje å artig, men å lage ein samansett tekst med Powerpoint vert mykje artigare. I den klassa eg var i fekk alle lage kvar sin presentasjon med bilete, tekst og bakgrunnsmusikk. Etterpå fekk dei som vill vise det fram for resten av klassa. Det kan vere utfordrande å halde fokus på det gamle Egypt framfor det meir datatekniske under eit slikt arbeid, men eg trur at til sjuande og sist sit elevane igjen med meir enn om dei berre skulle ha svart på spørsmål frå boka.


Det fins også mange gode sider lærarane kan finne fram for at elevane skal få bruke dei aktivt. Eg har erfaring med sider ein har brukt i engelskfaget og matematikk. Eg var i praksis då eg såg desse to sidene. Dette var stort sett arbeid elevane fekk styre med etter at dei var ferdige med det som skulle gjerast på planen. Det var òg mange som brukte desse programma heime. Det er ingen tvil om at dette var svært lystbetont arbeid for elevane. I tillegg er det flott at sidene opererar med ulike vanskegrader, så alle elevane kan få både utfordringar og ei kjensle av å meistre. Eit godt tilpassa opplæringsopplegg som alle lærarar burde nytte seg av.

onsdag 23. september 2009

Dataansvarleg på skulen

Kva kompetanse bør den dataansvarlege på skulen ha?

Det er viktig at det finnast personar med kompetanse innan IKT på alle skular. Det ideelle er om det er meir enn ein person som kan litt meir enn mannen på gata.
Eit vanleg problem i skulen er at mange lærarar har lite kompetanse i dette, og ved eit kvart lite hinder skuffar problemet over på den dataansvarlege på skulen. Dette fører til at dette vert ei stor oppgåve for ein person som gjerne berre har ein time i veka til rådigheit for denne typen arbeid.
Vil ein ha ein skule med god kompetanse innan data, så bør samtlege lærarar kursast. Utan dei riktige kunnskapane vil mange lærarar vegre seg mot å bruke IKT i undervisinga.

Den dataansvarlege bør uansett ha god kompetanse innan det tekniske for å kunne fikse maskiner og programvarer som ikkje fungerar. Ein skule med 30 datamaskiner vil omlag dagleg støyte på ulike problem. Det er viktig at dataansvarleg ved skulen har så høg kompetanse at han/ho kan fikse det meste sjølv utan å bruke for lang tid. Han/ho bør like å holde på med IKT, så det ikkje vert kun eit ork kvar gong ei programvare streikar.
Han/ho bør også kunne noko didaktikk innan dette, så han/ho har moglegheit til å auke elevane sin kompetanse. Målet er ikkje at elevane nødvendigvis skal få mykje kompetanse i data, men at dei skal bruke IKT til å auke kunnskapane sine i andre fag. Gjennom bruken av IKT vil også kompetansen innan dette feltet komme av seg sjølv.

fredag 18. september 2009

Gratis studie?

Problemstilling:
Vi vel å følgje gratis (eller nesten gratis) prinsippet i studiet. Skulle ein heller bruke meir profesjonelle verkty?

DKL 101 er eit studie som er lagt opp til å vere så billig som mogleg for studentane. Alle utgifter skal vere på eit minimum. Det fins sjølvsagt både positive og negative sider ved dette.

For det første er det bra for oss studentar at vi slepp å bruke store summar for vere i stand til å gjennomføre dette studiet. I tillegg opnar det meir for studentar som ikkje har mykje teknisk utstyr heime og som kanskje difor heller ikkje har store kunnskapar i dette emnet. Ein lærar på 50 år har sannsynlegvis ikkje same forutsetnadane som ein student på 20 år. Ved å gjere studiane så grunnleggande som mogleg vil difor alle ha moglegheit til å kunne fullføre.

Dei fleste som tek dette faget ser for seg ei framtid innan skuleverket. Ved å ikkje legge alt for mykje pengar i utstyret i studiet er ein på mange måtar betre rusta for skulekvardagen. Dei fleste skular har ikkje superfancy verkty. Er ein vande med det, kan det verte problematisk å skulle gå langt tilbake i tid i forhold til teknologi i undervisingsituasjonen.

Negativt: Hadde fått meir kunnskapar om ein brukte betre og meir moderne verkty?