onsdag 23. september 2009

Dataansvarleg på skulen

Kva kompetanse bør den dataansvarlege på skulen ha?

Det er viktig at det finnast personar med kompetanse innan IKT på alle skular. Det ideelle er om det er meir enn ein person som kan litt meir enn mannen på gata.
Eit vanleg problem i skulen er at mange lærarar har lite kompetanse i dette, og ved eit kvart lite hinder skuffar problemet over på den dataansvarlege på skulen. Dette fører til at dette vert ei stor oppgåve for ein person som gjerne berre har ein time i veka til rådigheit for denne typen arbeid.
Vil ein ha ein skule med god kompetanse innan data, så bør samtlege lærarar kursast. Utan dei riktige kunnskapane vil mange lærarar vegre seg mot å bruke IKT i undervisinga.

Den dataansvarlege bør uansett ha god kompetanse innan det tekniske for å kunne fikse maskiner og programvarer som ikkje fungerar. Ein skule med 30 datamaskiner vil omlag dagleg støyte på ulike problem. Det er viktig at dataansvarleg ved skulen har så høg kompetanse at han/ho kan fikse det meste sjølv utan å bruke for lang tid. Han/ho bør like å holde på med IKT, så det ikkje vert kun eit ork kvar gong ei programvare streikar.
Han/ho bør også kunne noko didaktikk innan dette, så han/ho har moglegheit til å auke elevane sin kompetanse. Målet er ikkje at elevane nødvendigvis skal få mykje kompetanse i data, men at dei skal bruke IKT til å auke kunnskapane sine i andre fag. Gjennom bruken av IKT vil også kompetansen innan dette feltet komme av seg sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar